Arthur Arntzen var ein norsk journalist, artist og forfattar. Han er særleg kjend for framføringa si av figuren Oluf, som han turnerte med på tallause scener, og som elles er presentert i bøker, på plate, på teater og TV.
Arthur Arntzen
Faktaboks
Arthur Andreas Arntzen
- Fødd
- 10. mai 1937, Tromsø
- Død
- 19. desember 2025, Tromsø
- Virke
- Journalist, forfattar, artist og humorist
- Familie
-
Foreldre: Gruvearbeidar Petter Berg Parelius Arntzen (1897–1956) og Olga Marie Moshaug (1907–1985).
Gift med Randi Bangsund (1941–), dotter av salgskonsulent Erling Erlingssøn Bangsund (1919–2007) og hustru Gunvor Straumsnes (1914–2002).
Oppvekst
Foreldra til Arntzen, Petter Berg Arntzen og Olga Marie (fødd Moshaug), kom frå Gratangen, men dei drog til Tromsø då det var på det reine at Olga bar det første barnet deira. Arthur Arntzen vart fødd i Tromsø, og voks opp i tronge kår ulike stader på Tromsøya, i Gratangen og Tromsdalen. Foreldra livnærte seg av ymse dagarbeid og vaskejobbar og flytta mykje rundt på Tromsøya, men faren vart etter kvart stadig meir arbeidsufør.
I sjølvbiografien Småkarer under frostmåne, som han skreiv saman med Arvid Hanssen, fortel Arntzen om ein oppvekst i materiell fattigdom, men som samtidig var prega av mykje humor og varme, og som gav han mange lyse minne.
Journalist
I 1960 tok journalistkarrieren til, først i avisa Tromsø fram til 1964, deretter ved Lofotpostens Tromsø-kontor i 1964–1968 og sidan ved Dagbladets Tromsø-kontor i 1968–1989. Der vart han i 20 år og dekka nordnorske saker, samtidig som han skreiv petitkåseri under merket Arthuro.
Figuren Oluf
Oluf vart skapt i ungdomslaget
Som tenåring var Arthur Arntzen med i ungdomslaget Freidig i Tromsdalen, der familien då budde, og han tok til å opptre i laget med underhaldningsinnslag med figuren Oluf. Han arbeidde to sesongar som dreng på garden Bakkeringen i Balsfjord, og opplevingane gav inspirasjon til utforminga av Oluf sin heimegard Rallkattlia. Arntzen brukte òg mange kveldar på Nattkafeen i Tromsø, der han sat og lytta til samtalane omkring seg.
Suksessen med Oluf
Samtidig som han var journalist, heldt Arntzen fram med å opptre med Oluf, som vart vide kjend for skinnhuva, den muntre fliren og kommentarane sine til aktuelle samfunnshendingar. Frå 1964 fekk han selskap av «han Karlsen» – dåverande sjef i NRK Troms, Håkon Karlsen – og fram til 1979 opptredde dei to saman på scener over heile landet og i radio og fjernsyn. På 1980-talet vart Tore Skoglund den nye parhesten til Oluf, og dei turnerte land og strand.
I 1989 sette Hålogaland Teater opp ei eiga framsyning med Oluf, som vart den største suksessen i teaterets historie, og som vart vist over heile landet og seinare på TV. Men oppsetjinga utløyste også ein debatt om den kraftige språkbruken til Oluf-figuren og parodieringa av nordlendingar, som skapte stort engasjement.
I kjølvatnet av TV-versjonen blussa det opp ein hissig debatt om bannskapen i det nordnorske folkemålet. Arntzen sjølv forklarte at det nordnorske folkemålet er ei blanding av tru og bøn i eit hardt kvardagsliv: «I stærk motsetning tel relion, har bainnskap aildri starta kriga. Nei, dæm begyinne som regel med bønn, men einde med bainnskap når ugjerninga e gjort. Ikkje det æ veit har bainnskap laga nokka større baluba i byan og bygden våres heiller, lekså relion. Æ e heilt enig med han Nikolaus når han påstår: – Det kan bli mykkje meir hælvete av å be einn å bainnes.»
Oluf i bokform og på plate
I 1967 debuterte Arntzen med si første bok om Oluf – Han Oluf. Sidan følgde åtte andre humorbøker om figurane i Rallkattlia, skrivne på nordnorsk dialekt og illustrerte av Dagfinn Bakke: Ho Emma (1968), Han Lars (1970), Rallkattlia (1973), Oluf R (1974), Super-Oluf (1976), Rapport fra Rallkattlia (1980) og Den siste Oluf (1983). Saman med Nye Oluf (1987) selde desse bøkene over 600 000 eksemplar. I 2009 kom Vi sto han av! Oluf i utval.
I 1970 kom den første LP-plata Ja, du Oluf… med liveopptak frå ei Oluf-framsyning i eit lokalt ungdomshus. Albumet selde over 25 000 eksemplar, og fram til 1991 kom fire album til og fire kassettar som til saman har selt over 500 000 eksemplar.
Fokus på den nordnorske folkesjela
Med bøkene Æ lyg ikkje (1986), Æ sei ikkje meir (1989), Det svær æ på (1992) og Æ gjer mæ ikkje (1994) sette Arntzen med eit fargerikt språk og eit vell av småhistorier søkjelyset på nordnorsk forteljartradisjon, humor og folkelynne. I 1996 gjekk han til scena igjen med Den fordømte nordlendingen, ei oppsetjing der han tek eit oppgjer med dei historiske mytane om folket i Nord-Noreg, og som seinare også vart bok.
Litteraturhistorikaren og nordlendingen Nils Magne Knudsen har påpeika at Arthur Arntzen blei populær over heile landet takka vere at humoren hans var varm og venleg, ikkje kald og infam. Andre heva derimot kritiske røyster mot Arntzen sin leik med mytane om Nord-Noreg, og ikkje minst mot reaksjonane hans når han sjølv vart karikert. Journalisten Andreas Hompland framheva at heile prosjektet med Oluf lett kunne blitt undergrave dersom Arntzen hadde blitt for sjølvhøgtideleg.
Fotball, kunst og lyrikk
Sjølv om Arthur Arntzen er mest kjend for Oluf og dei humoristiske sidene sine, hadde han fleire mangslungne interesser. Han spelte gjennom ei årrekkje fotball på laget til Tromsdalen. Etter at Bodø/Glimt vann cupfinalen i 1975, skreiv han bok om trenaren Harald Berg, Dutte. I kunstverda var han ikkje minst oppteken av målaren Kaare Espolin Johnson, noko som resulterte i eit samarbeid med Johnson om kunstboka Og langsomt kom lyset (1994). Blant diktarane var Tor Jonsson ein av hans favorittar, og i 1993 fekk han ansvaret for forord og utval i diktsamlinga Tor Jonssons beste.
Utgjevingar
- Han Oluf, Tromsø 1967
- Ho Emma, Tromsø 1968
- Han Lars, Tromsø 1970
- Rallkattlia, Tromsø 1972
- Oluf R, Tromsø 1974
- Dutte, 1976
- Super-Oluf, Tromsø 1976
- Rapport fra Rallkattlia, Tromsø 1980
- Æ lyg ikkje, 1986
- Nye Oluf, 1987
- Siste Oluf, 1989
- Æ sei ikkje meir, 1989
- Småkarer under frostmåne (saman med Arvid Hanssen), 1990
- Det svær æ på, 1992
- Æ gjer mæ ikkje, 1994
- Og langsomt kom lyset (saman med Kaare Espolin Johnson), 1994
- Dokker kan flire, 1996
- Livet med Oluf (bok og lydkassett), 1996
- Oluf for evig, 1997
- Den fordømte nordlending. Et historisk tellbakeblikk (saman med Dagfinn Bakke), 1998
- Eventyr, tårer og latter. Historia om Arthur Arntzen, (saman med Kjell Snerte), 2007
Prisar og utmerkingar
Arthur Arntzen vart tildelt ei rekkje prisar. I 1994 vart han utpeika til professor II i humor av rektor ved Universitetet i Tromsø, Ole Danbolt Mjøs.
- Nynorsk litteraturpris' heiderspris, 1989
- Spellemannprisen i kategorien underhaldning, 1991
- Solidaritetsprisen, 1996
- «Århundrets humorist» i regi av Nitimen, 1999
- Leonard-statuetten, 1999
- Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, 2000
- Komiprisen «Tidenes type» for figuren Oluf, 2001
- Æresmedlem i Det Norske Samlaget, 2002
- Alf Prøysens ærespris, 2005
- Jack Berntsens kulturpris, 2005
- Agenda Nord-Norges ærespris, 2015
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Arntzen, Arthur og Hanssen, Arvid (1990): Småkarer under frostmåne. Oslo: Cappelen Damm.
- Hompland, Andreas: «Scener frå eit levd og skrive liv», Dagbladet 17. desember 2007.
- Kristoffersen, Ivan (1997): Han Arthur. Oslo: Det Norske Samlaget.
- Snerte, Kjell og Arntzen, Arthur (2007): Eventyr, tårer og latter: Historia om Arthur Arntzen. Oslo: Samlaget.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.