Først og fremst var Tor Jonsson diktar. Han skreiv med ei særsynt kraft og eit inderleg nærvær som slår ut i både brennande varme og isande kalde dikt. Både livet og dikta til Tor Jonsson er fulle av sterke kontrastar. I livet var han ofte prega av motstridande kjensler og meiningar, men kunne likevel uttrykkje seg sjølvsikkert og sterkt. I diktinga står han i spennet mellom tradisjon og modernitet. Det handlar ofte om liv og død, kjærleik og hat, bygd og by, draum og røyndom. Livslyst og dødslengt prega både dikt og liv.
Jonsson debuterte som lyrikar med Mogning i mørkret i 1943 og skreiv seinare tre diktsamlingar til. Han skreiv òg kortare prosa, og dessutan einaktaren Siste stikk. Den siste diktsamlinga, Ei dagbok for mitt hjarte (1951), leverte han manuskript til tett før han tok sitt eige liv. I 1956 kom Dikt i samling og i 1960 Prosa i samling. Nærast er du når du er borte (2021) er ei ny samling av alle dei tidlegare utgjevne diktsamlingane til Jonsson, og vart utgjeven med støtte frå Tor Jonsson-laget.
Lengten etter kjærleik og liv går att i heile forfattarskapen, men han er alltid akkompagnert av ein mørkare undertone, på same tid av dødslengt og dødsangst. Særleg den siste diktsamlinga, Ei dagbok for mitt hjarte (1951), viser kor svart det er i Jonsson si diktarverd. Samlinga vitnar om ein diktar som ikkje maktar å leve lukkeleg, ein diktar som lengtar etter lukka, men er fortvilt over si eiga maktesløyse i møte med henne. Samlinga inneheld mellom anna «Eit fattig ynskje», eit godt døme på det melankolske klarsynet som kjenneteiknar dikta til Jonsson:
Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
Eitt av Tor Jonssons sterkaste dikt med den talande tittelen Eg åtte ikkje kjærleik blei funne ved sengekanten hjå den døde. Diktar-eg vedgår at han heile livet har «tala pent med englemunn», men at det berre var tomme ord. Han har svike seg sjølv og alle andre, også sine eigne «brødre», fordi han mangla evna til å elske. Draumen om kjærleik i eit idyllisk framtidssamfunn er der enno, sjølv om han – den fragile diktarsjela – skal døy med eit einsamt og sundslege hjarte. Dette utdraget er òg typisk for Tor Jonssons lyrikk: korte verseliner, fast rytme, ofte regelbundne vers og få og klare bilete:
Eg åtte ikkje kjærleik
Og difor er eg jord.
Men kanskje finst eit rike
Der einast kjærleik gror.
/.../
Ein gong skal eg døy i einsemd,
Lik ein fugl med broten veng.
Forholdet til sambygdingen Olav Aukrusts lyrikk var spesielt. Samstundes som han var påverka av denne hovdingen i nynorsklyrikken, gjekk han nærmast til direkte åtak på Aukrust sin poetikk. Han har lite til overs for Aukrust si blanding av bygdeidyllisering, nasjonalisme og det mystisk-religiøse. Jonsson har eit mørkare og langt meir pessimistisk grunnsyn.
Jonsson si dikting kan delvis forståast som ei avmytologisering av Aukrust sitt bygdeunivers. Det lyriske eget til Jonsson vitnar om dette. Her er lite av vitalismen og den åndelege nasjonalkjensla som vi finn hos Aukrust. Diktar-eget til Jonsson er isolert, såra og vonbrote. Det er spalta, tvilande, skeptisk og slett ikkje fritt for sjølvforakt. Trass i at han sjølv tok avstand frå den modernistiske lyrikken, kan Jonsson reknast som ein av dei tidlege nynorskmodernistane.
Fleire har sett musikk til Tor Jonssons dikt mellom anna den polsk-norske musikkunstnaren Andrej Nebb, som med CDen Kvite fuglar baserer seg på dikt av Tor Jonsson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.