Grannegjerdelova er ei norsk lov som regulerer gjerdehald mellom naboar. Gjerde skal plasserast i nabogrensa dersom anna ikkje er avtalt, til dømes for å skilje mellom ulik bruk i eit sambruksområde. Etter lova har alle rett til å setje opp gjerde mot naboen såframt han ber kostnaden sjølv. Lova regulerer òg plikta til å dele på kostnadene ved gjerdehald så lenge det gagnar begge partar, og har føresegner om vedlikehald av gjerde. Lova blir òg kalla gjerdelova.
Faktaboks
- Fullt namn
- Lov om grannegjerde
- Kortnamn
- grannegjerdelova
- Forkorting
- ggl
- Også kjend som
-
gjerdeloven
- Tredd i kraft
- 01.01.1962
- Lovdata-ID
- NL/lov/1961-05-05
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.