Lokalt fungerte avisa også som motkultur mot den etablerte borgarskapen i Stavanger, som var Alexander Kielland sine folk. Byen var inne i ei historisk omvelting, der det rike sildefisket hadde ført til ei innflytting som gjorde at Stavanger voks tre gonger så raskt som andre norske byar. Sildeeksporten skapte kapital, men også aukande fattigdom, og dei sosiale motsetningane voks.
I dei nasjonale stridsspørsmål søkte Oftedal og Vestlandsposten inn mot sentrum, og skreiv at «til det radikale Parti hører vi saaledes ikke». Avisa var vaktar av konstitusjonen og monarkiet, men valde å stå saman med Venstre i vetostriden i 1880.
Den politiske utviklinga etter at ministeriet Johan Sverdrup fall i 1889 svekte også Vestlandsposten sin posisjon som politisk riksorgan. Etter lang tids rykte stod Oftedal i 1891 fram i kyrkja og bekjente at han hadde gjort seg skuldig i eit usømmeleg forhold. Det blei offentlig skandale, han søkte avskjed og fekk det «i unåde». Han var attvald til Stortinget, men måtte seie frå seg vervet. Etter dette fell autoriteten hass. Oftedal bygde snart opp ei ny plattform, med nytt bedehus og ny avis. Frå 1893 gav han ut Stavanger Aftenblad, som han redigerte på folkeleg og personleg vis. Han blei vald inn i bystyret igjen i 1898, men døydde i 1900.
Redaktørstolen blei overteken av Ole Vollan, som i mange år alt hadde vore den reelle politiske redaktøren. Han sende artiklane sine frå Bergen kvar kveld med Nattruta, medan Jakob Sverdrup skreiv frå hovudstaden. Avisa hangla vidare til 1916, då ho gjekk inn i Stavangeren saman med dagbladet Vestlandet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.