Manifest destiny er namnet på ein ideologi som grunngir og rettferdiggjer USAs territoriale ekspansjon. Ifølgje manifest destiny var amerikansk ekspansjon opplagt og uunngåeleg fordi det var Guds vilje at USA skulle utvide sitt territorium.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Manifest destiny er eit omgrep som er vanskeleg å omsetje til norsk. Det viser til ei førestelling om ei «openberr» eller «gudgjeven» amerikansk skjebne, som blei brukt til å legitimere USAs territorielle ekspansjon vestover.
Uttrykket har opphav i samfunnsdebatten rundt USAs vestlege ekspansjon midt på 1800-talet, og saman med Monroe-doktrinen (1823) har manifest destiny vore med på å legitimere amerikansk imperiebygging.
Sjølv om omgrepet blir brukt for å omtale USAs utanrikspolitikk i andre del av 1800-talet, er manifest destiny også brukt i dag, mellom anna av president Donald Trump, som retningsgivande for amerikansk utanrikspolitikk. Kritikarane av USAs utanrikspolitikk brukar derimot uttrykket som ideologisk forklaring på det dei meiner er USAs imperialistiske ambisjonar verda over.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.