Faktaboks

Lord Byron

George Gordon Byron

Uttale
bˈairən
Fødd
22. januar 1788, London
Død
19. april 1824, Mesolongi, Hellas
Av .
Childe Harold's Pilgrimage

George Gordon Byron (Lord Byron) i albanske klede. Måleri av Thomas Philips. National Portrait Gallery i London

.
Lisens: fri

Lord Byron var ein britisk diktar, mest kjend for diktsyklusane Childe Harolds pilgrimsferd (1812–1818) og Don Juan (1819–1824). Dei litterære hovudpersonane hans er ofte sjølvbiografiske portrett av unge adelsmenn med alternativt melankolsk (Childe Harold) eller satirisk (Don Juan) livstrøyttleik. Han var berømt for dikta sine i samtida, men minst like berykta for sitt utsvevande liv.

George Gordon Byron blir som regel omtalt som Lord Byron i Storbritannia. Han var Baron av Rochdale på Newstead Abbey, eit gods han seinare selde for å dekkje gjeld.

Byron var far til matematikaren Ada Lovelace.

Bakgrunn

Byron hadde engelsk far og skotsk mor og vaks fyrst opp i enkle forhold i Aberdeen etter at faren hadde sølt bort alle pengane mora hadde arva. Men i 1798, då han var ti år gammal, arva han uventa barontittelen og familiegodset Newstead Abbey i nærleiken av Nottingham etter ein grandonkel.

Faren døydde då guten var tre år gammal, og han hadde ein vanskeleg oppvekst. Byron var usedvanleg vakker, men halta på grunn av ein vanskapt fot. Dette plaga han heile livet, men hindra han ikkje langt seinare i å symje over Hellesponten (i dag Dardanellane) i 1810. Som adelsmann fekk han utdanning på velrenommerte institusjonar som kostskulen Harrow og deretter ved Trinity College i Cambridge.

Seksualitet

Byron var ein stor kvinnejeger og hadde ein lang serie med elskarinner livet igjennom, fleire av dei engelske og italienske adelsdamer. Han hadde eit svært kortvarig ekteskap i 1815–1816 og fekk fleire barn med ulike kvinner. Ein biografi frå 2002, bygd på tidlegare lite kjent materiale, viste at han òg hadde ein sterk dragnad mot unge gutar, ein lidenskap han på grunn av dei strenge straffelovene i tida måtte halde skjult utanfor ein krins av intime vener. Han skal også ha hatt eit skandaløst, seksuelt forhold til halvsyster si.

Cambridge og fyrste bok

Som student i Cambridge var han meir oppteken av fornøyelsar enn av studiar. Den fyrste diktsamlinga hans, Hours of Idleness (1807), vart slakta av The Edinburgh Review, og Byron svara med den flengjande satiren English Bards and Scotch Reviewers (1809). Han skulle ha meir hell med neste bok, men var alltid ein frykta penn for kritikarane.

«Grand Tour» og fyrste suksess

Som mange unge adelsmenn la Byron ut på ei stor Europa-reise, ein «grand tour». I åra 1809–1811 reiste han frå Portugal austover i Middelhavet, og han oppheldt seg lenge i Albania, Tyrkia, og særleg Hellas, som då var under tyrkisk styre.

Under inntrykk av opplevingane sine byrja han på eit større lyrisk-episk dikt i Spenser si ni-linjete strofeform, Childe Harolds pilgrimsferd (opphaveleg Childe Harold’s Pilgrimage, 1812; norsk gjendikting ved Geir Uthaug, 1995). Dei to fyrste delane vart gjevne ut etter heimkomsten hans. Om verknaden skreiv han sjølv: «Eg vakna ein morgon og var berømt.»

Skandale

Ei rekkje forteljingar på vers med romantiske og spanande tyrkiske emne fylgde slag i slag: The Giaour, The Bride of Abydos (begge i 1813) og The Corsair med eit framhald i Lara (begge i 1814).

Byron vart løva i London-selskapslivet og utfalda seg med heile sin fargerike personlegdom. Han gjekk frå det eine kjærleiksforholdet til det andre, i denne perioden òg med halvsyster si Augusta Leigh. I 1815 gifta han seg med Anne Isabella (Annabella) Milbanke, men etter vel eit år, då dotter deira, Ada Augusta, var fødd, forlét ho han, og dei vart seinare separerte. Affæren vart ein skandale for Byron, på grunn av rykta om incest og homoseksualitet. Han forlét England i bitterheit i april 1816 og vende aldri tilbake.

Eksil i Sveits og Italia

Ei kort tid oppheldt Byron seg ved Genèvesjøen saman med diktaren Percy Shelley og forfattaren Mary Shelley, som skreiv Frankenstein under opphaldet. Der var òg Mary si stesyster, Claire Clairmont, som venta barn med Byron. Byron fekk nokre år seinare ansvar for Claire si dotter Allegra, men ho døydde etter at han plasserte ho i eit italiensk kloster.

Etter Sveits reiste Byron til Italia og slo seg ned i Venezia. Dei nye reiseinntrykka dannar emnet for tredje og fjerde del av Childe Harold (1816–1817), der Byron sin poesi har fått ei ny djupn og kraft, men der også bitterheita er sterkt framståande. Helten, den unge adelsmannen Harold, er diktaren sjølv, og dessutan den dikteriske idealskikkelsen hans, som går igjen i mange av hans verk: eit menneske fylt av glødande poesi, av melankoli og spott, av opprør mot konvensjonelle samfunnsidear og mot menneskesamfunnet i det heile – den kyniske kvinneforaktaren, den stolte, einsame og edle, den falne engelen.

Episke og dramatiske dikt

Inntrykka frå Genève-traktene og Alpane gav bakgrunn for det episke diktet The Prisoner of Chillon og for det dramatiske Manfred (1817), som ved den mystisk-filosofiske ånda si minner om Johann Wolfgang von Goethes Faust. Det muntert-ironiske Beppo kom i 1818, same år som han byrja på den store samfunnssatiren sin Don Juan.

I dei tre åra sine i Venezia kasta han seg inn i eit uhemma nytingsliv. Etter at han innleidde eit langvarig forhold til den 20-årige grevinna Teresa Guiccioli, flytta han med tenarskåpet sitt til Ravenna, der han vart trekt inn i dei revolusjonære carbonaris arbeid for å frigjere Romagna frå det austerrikske og pavelege herredømet.

I Ravenna skreiv han mellom anna i 1821 dei historiske verstragediane Marino Faliero og Sardanapalus og det dramatiske diktet Cain, der han forsvarer mennesket sitt opprør mot ein tyrannisk Gud, og året etter den ypparlege satiren The Vision of Judgment, som parodierer Robert Southeys sørgjedikt over Georg 3.

Don Juan

Del av Don Juan av Lord Byron

Under press frå styresmaktene flytta han fyrst til Pisa, seinare til Genova, der han skreiv vidare på Don Juan. Det vart gjevne ut i 16 songar i perioden 1819–1824, men vart aldri heilt ferdige. Dette kjempediktet i ottave rime er det fullaste uttrykket for hans samansette personlegdom, snart romantisk forteljande, snart personleg reflekterande, med Hellas, Russland eller England som bakgrunn. Det er fullt av herleg lyrikk, av bitande spott over tidas politiske og religiøse ynkelegheit, over russisk lastefullheit og engelsk hykleri, av glødande natur- og fridomskjærleik og atskilleg menneskeforakt.

Gresk fridomshelt

Grekarane var nettopp då i opprør mot tyrkarane. Byron, som lengta etter handling, la i veg i 1823, etter oppmoding frå grekarvener i London, til Mesolongion, der den engelske lorden vart helsa som frelsaren i landet. Han utfalda ei rastlaus verksemd i ordninga av forsvaret, men midt under arbeidet vart han febersjuk og døydde. Liket vart ført til England og bisett i landsbykyrkja i Hucknall nær Newstead Abbey. Han var uynskt i Westminster Abbey.

Den byronske helt

Av .

Byron var inkarnasjonen av den romantiske helten i den grad at namnet vart eit adjektiv for ein mørk, farleg, men tiltrekkjande og lidenskapeleg mann. Både Byron sjølv og karakterane hans var i stor grad døme på denne skikkelsen. Typen var ikkje ukjend i gotiske og romantiske forteljingar, men det fyrste dømet på Byron som «byronic hero» hos andre forfattarar var i romanen Glenarvon (1816). Denne var skriven med stor bitterheit av ein av dei mange forsmådde kvinnene, Caroline Lamb, som elles er kjend for å ha skildra Byron som «galen, fæl og farleg».

Seinare dukkar slike heltar opp til dømes hos Brontë-søstrene, ikkje minst Heathcliff i Wuthering Heights og Mr. Rochester i Jane Eyre.

Innverknad

Diktaren Byron var ein av dei sentrale skikkelsane til romantikken i Europa. Likevel var han ein beundrar av klassisisten Alexander Pope og kjende seg i slekt med mennene til opplysingstida. Han øvde stor innverknad, særleg i Frankrike, Tyskland og Russland, men også i Noreg (på til dømes Henrik Wergeland, Henrik Ibsen, Aasmund Olavsson Vinje).

I ettertida har ein ofte dømt han som posør, og mange har hefta seg ved det skøytelause og bombastiske i mykje av diktinga hans. Men han har blitt anerkjent både for dei ironiske fyndene og for den lyriske gløden.

Filmar

I 2003 laga BBC ein film med tittelen Byron, redigert av Julian Farino og med manuskript av Nick Dear. Her spelte Jonny Lee Miller hovudrolla. Camilla Power var Lady Caroline Lamb og Vanessa Redgrave den intrigerande svigermora hennar.

Det finst òg fleire tidlegare produksjonar, til dømes The Bad Lord Byron frå 1949, regissert av David Macdonald, der ulike personar gjev versjonen sin av det som hende. Dennis Price spelte Byron, svenske Mai Zetterling spelte den italienske elskarinna Teresa Guiccioli, og Joan Greenwood var Lady Caroline Lamb.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Drummond, Bone, The Cambridge Companion to Byron, 2004.
  • Jump, John D. Byron, Routledge, 2016.
  • Grosskurth, Phyllis: Byron : the flawed angel, 1997, isbn 0-395-69379-9
  • Levine, Alice, Byron's Poetry and Prose: Authoritative Texts, Criticism, Norton, 2010.
  • MacCarthy, Fiona: Byron : life and legend, 2002, isbn 0-7195-5621-x
  • Marchand, Leslie A.: Byron : a biography, 1957, 3 bind
  • Marchand, Leslie A.: Byron's poetry: a critical introduction, 1965
  • Marchand, Leslie A.: Byron's Letters and Journals, 13 bind, 1973-1994.
  • Maurois, André: Byron, 1948, 2 bind
  • McGann, J.J., The Complete Poetical Works, 1980-1993, sju bind.

Kommentarar (2)

skreiv Kjetil Korslund

Claire Clairmont var stesøsteren til Mary Shelley, ikke halvsøsteren.

svarte Ida Scott

Takk for innspill, dette er nå retta opp. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg