Florvåg er ein tettstad i Askøy kommune i Vestland, på søraustsida av Askøyna. Florvåg, som i 2017 hadde 2024 innbyggjarar, utgjer ein del av Askøy tettstad med i alt 24 300 innbyggjarar (2023).

På staden ligg mellom anna Florvaag Bruk næringspark med fleire industribedriftar.

I eit sjøslag ved Florvåg våren 1194 vann kong Sverre Sigurdsson ein avgjerande siger over opprørsflokken øyskjegga.

Under den andre verdskrigen var det ein tysk flåtestasjon på plassen.

Første ledd i namnet har truleg samanheng med norrønt flóðr, 'trongt sund, renne', medan siste ledd er 'våg, bukt'. Dette siktar til bukta som blir danna mellom Askøyna og Florvågøyna austafor.

Kart

Florvåg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg