Faktaboks

Også kjend som

bevegelsesenergi

Kinetisk energi er energi som ein gjenstand har fordi han bevegar seg. Ein gjenstand som er i ro, har ingen kinetisk energi.

Ein ball som trillar bortover golvet, har kinetisk energi. Ein planet som går i bane rundt Sola, har kinetisk energi.

Kinetisk energi og fart

Dess større fart ein gjenstand har, dess større kinetisk energi har han.

Ein bil har meir kinetisk energi når han køyrer i 80 kilometer i timen enn når han køyrer i 50 kilometer i timen.

Kinetisk energi og masse

Dess større masse ein gjenstand har, dess større kinetisk energi har han.

Ein tung lastebil som køyrer i 80 kilometer i timen har meir kinetisk energi enn ein liten personbil som køyrer i same fart.

Mekanisk energi

Gjenstandar kan også ha potensiell energi. Potensiell energi er lagra energi som kan få ein gjenstand til å bevege seg.

Til saman blir kinetisk og potensiell energi kalla for mekanisk energi.

Ein ball som trillar nedover ein bakke, har mekanisk energi. Noko av energien er kinetisk energi, fordi ballen bevegar seg. Noko av energien er potensiell energi, fordi ballen er eit stykke oppe i bakken, og tyngdekrafta dreg ballen nedover bakken.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Maria Vetleseter Bøe
Førsteamanuensis i fysikkdidaktikk, Ph.d., Universitetet i Oslo