Nærbilde av brunrøde blader med hvit frost langs kanten.
Iskrystallar blir ofte danna langs kanten av blada. Her er det frost på blad av blodbøk etter ei natt med minusgrader.
Foto av frost på blad.
Lisens: CC BY SA 3.0

Frost er når temperaturen er under 0 grader celsius. Det vil seie når det er kuldegrader.

Det kan vere frost i bakken sjølv om det ikkje er kuldegrader i lufta. Når det er frost i bakken, dannar det seg ofte tynne lag av is på bakken eller i graset. Eit slikt islag blir kalla frost eller rim.

I Noreg er det vanleg med frost om våren, hausten og vinteren. I fjellet kan det vere frost om sumaren òg.

Frostrøyk

Frostrøyk er ei slags tåke som blir danna når kald luft strøymer over ei vassflate som er varmare enn lufta. For at det skal bli frostrøyk, må temperaturskilnaden mellom luft og vatn vere minst ti grader celsius.

Frostsprenging

Når vatn frys til is, utvidar det seg. Kreftene er så sterke at viss vatnet frys til is i sprekkar eller holrom i fjellet, kan fjellet sprekke. Dette blir kalla frostsprenging.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Marit Kollstuen
Statsmeteorolog, Meteorologisk institutt