Eit norsk biland er eit område som er underlagt norsk statshøgheit, men som ikkje er del av riket. Bilanda er altså under norsk kontroll, men er likevel ikkje ein del av riket. Biland er regulert av bilandlova.
Dei norske bilanda er:
- Bouvetøya
- Peter I Øy (Peter 1.s øy)
- Dronning Maud Land
Desse innehavingane er ved lov lagde under norsk statshøgheit eller statsvelde (ein stats høyhetsrett over eit landområde, sjå suverenitet) som biland og ikkje som ein del av riket. Dette er på grunn av føresegna i Grunnlova § 1 om at kongeriket Noreg er «udeleleg og uavhendeleg» (at riket ikkje kan delast eller avhendast).
Sidan bilanda ikkje er ein del av riket, gjeld ikkje forbodet mot fråskiljing for biland, og statshøgheten over desse kan oppgjevast utan grunnlovsendring. Dette i motsetnad til Svalbard og Jan Mayen, som er delar av kongeriket Noreg.
Peter I Øy og Dronning Maud Land er omfatta av Antarktistraktaten. Traktaten inneber mellom anna at territoriale krav skal leggjast til side, at ingen land blir rekna for å ha oppgjeve krava sine i Antarktis og at ingen av statane som har signert traktaten kan krevje nye område. For Noreg gjeld dette to av bilanda: Peter I Øy og Dronning Maud Land. Bouvetøya er derimot ikkje omfatta av Antarktistraktaten, og ingen andre land gjer krav på øya.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.